Kartbestilling

Longyearbyen lokalstyre har digitale kart over Longyearbyen og Longyearbyen planområde.

Det vert produsert ulike temakart, situasjonskart og kartutsnitt på grunnlag av høgde-, vatn-, og vegdata, bygningsdata og eigedomsgrenser frå Matrikkelen samt plandata og ledningsdata. Vi har også tilgong til blant anna data for kulturminner, skred - og flaumsone.

For bestilling av kart eller kartdata, send ei førespurnad med bestilling og fakturaopplysningar til post@lokalstyre.no eller til kartansvarleg jostein.borve.hernes@lokalstyre.no
Bestilling bør som minimum innehalde type bestilling (kartdata, situasjonskart eller naboliste), filformat, kartutsnitt og type kartdata.

Ved bestilling av VA-data skal det også innhentast samtykke frå VA-ansvarleg i Longyearbyen lokalstyre.

Matrikkel og eigedom

Matrikkelføring vert utførd etter data frå gjennomførd oppmålingsforretning, sammenslåing av eigedom og seksjonering. Bygningsdelen av matrikkelen vert førd etter data frå byggesak, samt ajourhald etter nykartlegging. Adresser vert førd i matrikkelen av Longyearbyen lokalstyre som adressemyndigheit.

Grunnboka er det offentlege registeret over tinglyste dokumentar for fast eigedom. Les meir om grunnboka her.

For grunnboksutskrift og eigedomsinformasjon sjå Kartverket si løysing Se eiendom
- Søk på eigedom på Svalbard må skrivast slik “2100-gnr/bnr/fnr”. 2100 er kommunenummeret til Svalbard.

 

Adresse og gatenamn

Dei fleste adressenamna i Longyearbyen er bygd opp etter nummereringsprinsippa frå gruvegongane/gruvestollane. Desse adressenamna har nemninga "Vei" etterfulgt av eit nummer som representerer ein bestemd vegstrekning, til dømes Vei 500 - som er ein av hovudvegane, og kor Vei 505 er ein sideveg til Vei 500. Sidevegane er tildelt vegnummer i stigande rekkefølgje langs hovudvegen. Dette systemet gjer at det kan bli litt rot når det kjem nye vegar mellom eksisterande sidevegar, til dømes i Vei 232.

Hytteområdene er tildelt "normale" adressenamn, som til dømes Breinosfoten og Revneset.

Adressenummer skal i hovudsak tildelast alle adresseverdige bygg, kor det er hovudinngongen/-ane eller den felles tilkomsten (trapp, svalgong..) som får tildelt adressenummer. Det normale prinsippet er at det vert tildelt adressenummer i stigande rekkefølgje med partal på venstre side av vegen, og oddetal på høgre side. I Longyearbyen vil du likevel finna fleire stadar kor det er gjort omvendt, men som hovudprinsipp vert alle adresseendringar eller nytildelingar utførd etter normalprinsippet.

Nokre adresseobjekt nyttar også brukseiningsnummeret som identifikasjon. Dette gjeld dei bueiningane som er adressert med felles adressenummer, til dømes der det er fleire bueining med felles tilkomst. Dette er typisk i større leilegheitskompleks eller der det er trappetilkomst med svalgong. Brukseiningsnummeret er bygd opp slik "H0101", kor H01 er etasjenummeret, og den etterfulgte 01 er løpenummeret. Løpenummer skal tildelast i stigande rekkefølgje, med start frå den fyrste bueininga på venstre hand når ein står i den felles tilkomsten, og vidare nummerering medsols. Tredje bueining frå venstre i 4 etasje får difor brukseiningsnummer H0403.

Den offisielle adressa til ei bueining er bygd opp av adressenamn + adressenummer + evt. brukseiningsnummer. Til dømes Vei 225 8 eller Vei 505 3 H0101.

Den offisielle skrivemåte for adresser er med mellomrom mellom adressenamn og adressenummer, der adressenamnet "Vei 227" og adressenummeret "1", då skal skrivast slik: Vei 227 1. Det offisielle systemet brukar ikkje 0 foran tal under 10. Dersom det er bokstav i adressa skal bokstaven skrivast med mellom etter adressenummeret, slik som dette: 1 A.

Bruk LYBKart for oppdatert adressekart og adressesøk.