Det har ved to tidlegare offentlege høyringar vore opna opp for å kome med innspel til adressenamn og avgrensing for dei hytteområda innanfor Longyearbyen planområde som manglar adressenamn. I tillegg har skrivemåten for adressenamna vore sendt til Sysselmesteren på Svalbard og Norsk Polarinstitutt for uttale.
Adressenamna er i delegert vedtak 2023/1054-19 endeleg fastsatt, og det gjeld følgjande adressenamn:
Revneset, Advent City, Hiorthhamn, Moskuslaguna, Mälardalen, Fivelflyene, Breinosfoten, Foxdalen, Vestre Vindodden og Austre Vindodden.
Tildeling av offisiell adresse til adresseverdige bygg innanfor dei nye adresseparsellane vil verta varsla med brev til eigar/festar av eigedom.
Lenkje til adressekart og avgrensing av adresseparsellane finn du her:
Adressekart - Revneset, Advent City, Hiorthhamn, Moskuslaguna og Mälardalen
Adressekart - Austre og Vestre Vindodden