Longyearbyen hamn ønsker å flytte kontainerbygget “Rødsildra” frå Polarflokken barnehage til Turistkaia, og nytte det som lagerbygg for Longyearbyen hamn. Planarbeidet er starta og vert no lagt på høyring.
Kort om planarbeidet
Plassering av “Rødsildra er synt biletet av illustrasjonsplanen, på område H6 på Bykaia. Foreslått byggegrense er 286 m2. “Rødsildra” skal nyttast til lagring av Longyearbyen havns beredskaps- og redningsutstyr, og som mellombels lagringsplass for forsyningar og bagasje til kundar. Plankonsulent LPO arkitekter har utarbeidd eit framlegg til endring. Longyearbyen lokalstyre har vurdert tiltaket til å kunne handsamast administrativt som ei planendring etter forenkla prosess.
Frist for innspel
30.08.2024
Innspel og spørsmål rettast til
LPO arkitekter v/ Kristin Bostrøm mailto:kb@lpo.no med kopi til mailto:post@lokalstyre.no