Longyearbyen ungdomsklubb

Longyearbyen ungdomsklubb (klubben) er ein uformell møteplass for ungdom frå 5.klasse – 18 år, og er eit frivillig tilbod til ungdommen i Longyearbyen. 

Profilbilde_klubben.jpg
Foto: Ingeborg Runde
 
Faste opningstider ungdomsklubben 2017/18:

JUNIOR (5. - 7. trinn): 
Onsdager 18:00 – 20:00
Fredager 18:00 – 20:00

SENIOR (8. trinn -18 år):
Torsdager 18:00 – 21:00
Fredager 20:30 – 24:00
 
Hovudaktivitetane på ordinære klubbkveldar er dans, matlaging, bordtennis, biljard, airhockey og andre spel. I tillegg vert det arrangert ulike temakveldar, som t.d. karneval, omvendtfest, solfest, gute/jentekveld og juleball. Klubben er ein stad der ungdom kan slappe av, samtidig som det er rom for aktivitet.
 
Ungdomsklubben skal vere ein møtestad der ungdom kan møtast utan nødvendigvis å delta i organiserte aktivitetar. Deltakinga er frivillig. Det krevst verken spesielle ferdigheiter eller kunnskap for å delta aktivt på klubben. 
 
Klubben har eige klubbstyre. Her får brukargruppa myndighet og påverkningskraft på sakjer som: klubbreglar, klubbkassemidlar, behandling av søknader, utforming av lokalet samt planlegging, organisering og gjennomføring av større arrangement.
 
Lokalet inneheld kjøkken/kiosk, aktivitetsrom, tv/spele- rom, puterom og biljardrom.
 
Følg oss på klubben si facebook-side.
 
Ungdomsklubben er eit rus, snus og røykfritt område.
 
Tilsette på ungdomsklubben 2017:
Marius E. Simavik (klubbleiar)
Ingeborg Runde
Mari Thorsen
Kristin Furu Grøtting
Stig Lunde
Malin N. alexandersen
Therese Bjerkeng
Joar Gregoriussen
Emil Fagerli
 
Tips en venn Skriv ut